Hero image

Opplev

Brandasund Kultur&Fritid

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Kan hjelpa deg til å oppleva det som høver for deg vestalands Brandasund med meir. Ribturar, spektakulære badeturar, Slotterøy fyr, og andre opplevingar i og ved havet. Driv og utleige av kajakkar med meir - ta kontakt.

Opplevingar nær Brandasund Kultur&Fritid
Nillo på Skjeret

Den legendariske Nillo - Pernille Waage (1898-1992) - heldt til i Landhandelen på Skjeret. Ho var kjend for den spesielle butikken sin og Nillo på Skjeret var ein institusjon i lokalsamfunnet. Nillo er borte, men butikken finst framleis og fungerer som eit levande museum. Butikken er open kvar sumar.

Sjøleik og sightseeing på sjø

Opplev fleire av attraksjonane i området i og rundt Brandasund hos Brandasund kultur & fritid. Dei arrangerer rib-turar, spektakulære badeturar, turar til og rundt Slotterøy fyr, opp til Austevoll og Bekkjarvik gjestgiveri, eller til Fitjar og ELØ og såpekokeriet der, samt andre opplevingar i og ved havet. Dei har ei eiga brygge til å leggje ut kajakkar på, og leiger også ut kajakkar som er eigna til fiske. Sjekk ut inspirasjonsfilm på nettstaden deira i lenka under!

Brandastaken

For å komma til Brandastaken parkerer du bilen på rasteplassen til høgre like før Brandasundbrua. Då er det ein ca 2-300 meters spasertur i nordaustleg retning til Sildavikjo. Brandastaken kan best sjåast om du går nord eller sør langs vestre del av Sildavikjo. Uansett er Sildavikjo med eller utan stake verdt ei vitjing. I Sildavikjo hadde dei som hadde laksanot nordom landet færingane sine om sommaren. Då vart det ein kortare rotur ut i nøtene. I nordavind kunne det verta noko verhardt med båt der, men bakom ein liten holme i nordsta vikjo er det livd.

Brandasundssåta

Heilt nord på Bømlo finn ein Brandasund. Når ein har kjørt over siste bru, kjem ein liten rasteplass, og her kan ein parkere og gå opp til Brandasundssåta. På uvêrsdagar kan ein sjå stormen som herjar på havet, om sommaren vakre solnedganger, og på godversdagar kan ein sjå heilt til Austevoll og Os. Brandasundssåta vart brukt som oberservasjonspunkt både under 1. og 2. verdskrig. Her er sauehald på vegen, så ha hunden i band, og følg merka sti som går vekk frå huset og det private området ved såta.

Overnatting nær Brandasund Kultur&Fritid
Overnatting på Slåtterøy fyr

Ønskjer du ein overnattingsplass uten om det vanlege? På Slåtterøy fyr har du høve til å leige fyrbustaden. Huset har 14 sengeplassar: to soverom i fyrste høgda, kvart med fire senger. I andre høgda er det eit soverom med tre senger, stove med dobbel sovesofa og ein soveplass på gangen. Besøk "Venner av Slåtterøy" på Facebook for meir informasjon, eller ta direkte kontakt med Torleif Meling (+47 918 65 873) for tinging. Foto: Jon Olav Rolfsnes

Hytte på Hisøyno

Visste du at Bømlo kommune har ei hytte på Hisøy med seks sengeplassar (+to madrasser) og kano, som du kan leige? Kr 300,- pr. døgn (minst to døgn), 600,- pr. helg, 1500,- pr. veke. Ein kjempeflott plass for både vaksne og born, som du må i båt for å komma til. Ta kontakt med Bømlo turistinformasjon for tinging og nøklar.

Erevik grendatun bubilparkering

Erevik grendatun bubilparkering ligg like ved sjøen ved RV 542, ca 8 km fra kommunesenteret Svortland og ca 10 km fra Brandasund. Maks antall 6 bubilar og hovudsakeleg i vekedagene, då tunet ofte er utleigd til arrangement i helgene (spør kontaktperson). Barnevenleg med leikeplass, ballbinge og badeplass. Fine høve for fisketurer, kajakkpadling og anna vatnsport. I tillegg tilbyr Goddo fine turløyper i flotte naturområder.

Sjøly rorbuferie

Sjøly rorbuferie er eit sørausstvendt og lunt beliggande feriehus/rorbu i maritim stil med høg standard, på endetomt utanfor Urangsvåg. Det er plass til 6 vaksne og 2 born under 16 år i feriehuset. Det er også mogleg å leige velutstyrte båtar godt eigna for fiske