Hero image

Opplev

Hummerhyttene

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Hummerhyttene ligg i Nordøyane nærare bestemt på Vestre Sølvøyane. Hyttene blei oppført i forbinding med hummerfiske og fungerte som overnattingsstad for fiskarar. Dei opprinnelege hyttene blei for mange år sidan tatt i ein kraftig storm som slukte hyttene og drog dei til havs. I 2014 starta Grendautvalet på Espevær arbeidet med gjenreising av hyttene. Alt arbeid blei gjort på dugnad, og i 2015 vart hyttene plassert på Veste Sølvøyane. Hyttene vart ferdig innreia, malt og klar for bruk i 2017. Hummarhyttene er gratis å leige, og du finn meir info om dei på Visit Espevær sine sider.

Opplevingar nær Hummerhyttene
Skippervik Frisbee

Skippervik Frisbeegolfklubbs 18 holsbane finn du på idylliske Vika, sør på Bømlo. Foto: Bømlonytt

UFO-ringen på Espevær

Det er skrive side opp og side ned om UFO-ringen på Espevær - ringen på bakken som ingen enno har funne ei fornuftig forklaring på. Området der ringen vart oppdaga for over 40 år sidan, blir flittig besøkt, og dei aller fleste blir imponert og prøver seg med si eiga forklaring på fenomenet. Korkje forskarar eller folk frå forsvaret som har vore på staden har kunne seie kva ringen kunne komme av, så dermed lever teorien vidare om at det må ha vore ein UFO som landa der i 1975. Uansett - besøkjer du vakre Espevær så må du ta turen ut til området, som det er fint oppmerka turløyper til.

Baadehuset

Baadehuset, eit handelshus frå 1850-talet i Espevær, reist i ei historisk viktig tid langs kysten då vårsildfisket sørgde for store inntekter til landet. Administrasjonssentrum for fiskeriet i sørvest. Huset framstår originalt og er utstyrt med tidsrette møblar og utstyr. Skulestove – fiskeloft - bustadrom – peisestove, møbler og utstyr frå Espevær. Formidling av historia via videoframvising. Fast opningstid i sommarsesongen og sal av kaffi, te, is, brus, kort m.m. Andre opningstider iht. avtale. «Baades kjøkken» kan leigast som festlokale. For å koma til Baadehuset må ein ta kabelferja frå Garvika over Norda Sundet. Ferja er sertifisert for 4 vaksne og kostar 20 kr. Alle norske myntar kan brukast.

Bergesfjellet

Frå riksveg 541, Vika, fylgjer ein skilt merka "Berge". Det går bilveg fram til Bergehuset på Berge, ein strekning på ca. 0,5 km. Frå Bergehuset går merka sti opp på fjellet. Flott utsiktspunkt på toppen av Bergesfjellet. Skilt merka "Bergesfjellet" syner lettaste vegen. Tek du turen ein klar haustdag, kan du skua utover havet i vest, Sveio over Bømlafjorden i aust, kanskje sjå Steinsfjellet (Haugesund) i sør og Siggjo i nord.

Overnatting nær Hummerhyttene
Biekronå gjestehamn

Biekronå er ei gjestehamn på Espevær med 12 båtplassar. Hamnedjupne er maksimalt 3m. Andre fasilitetar: Daglegvare, diesel, dusj, elektriker, ferskvatn, kabel-TV, kafé, leikeplass, mastkran, motorservice, postkontor, slipp, straum, søppelkontainer, tilrettelagt funksjonsh., toalett, tralle, vaskemaskin. Obs: Det er ikkje ope på vinterstid.

Langevåg bubilparkering

I bakkant av Langevåg Bygdatun finn du Langevåg bubilparkering. Her har du tilgang til fasilitetar som straum, wc, dusj og vaskemaskin. Du finn daglegvarebutikk, treningstilbod og kafé like ved. Velkommen til eit triveleg opphald!

Langevåg gjestehamn

Velkommen til Langevåg Gjestehavn og Bømlo båtlag gjestehamn. Her kan du vere heile året; òg om vinteren. Gjestehamn ligg like ved ligger daglegvarebutikk, minibank, kafé og leikeplass, også treningssenter, solarium og buldrerom for born. Dieselpumpe med kortautomat. «Grillhus» på kaien. Det går sommerpatrulje i fellesferien som tar hamneavgift, og deler ut informasjon mv. Båser merka med grønt skilt er ledig, raudt oppteke. Godt med straumuttak og fleire plasser for å bunkre vatn. Gratis WiFi.

Stormhytter på Gullvegen Gardstun

Stormhyttene på Lykling eit overnattingstilbod for deg som ynskjer ei oppleving ulikt alt anna. Plassert i det gamle gullgravarfeltet der Noregs største gullgruveindustri utspant seg på slutten av 1800-talet og rett ved garden Gullvegen Gardstun, med storhavet i vest som nærmaste nabo. Utsikta er 360 grader. Her får du dei vakraste solnedgangar og dei barskaste hauststormane tett på. Her dansar storhavet slik berre storhavet kan. Du kan ligge å sjå på havørna som sirklar over området, eller drøyme deg bort når den magiske stjernehimmelen openbarar seg på fine netter. Fint eller stygt vær, - det er uansett ei sterk oppleving å kome så tett på naturen! Booking: https://www.gullvegengardstun.no/stormhyttene