Hero image

Opplev

Moster 2024

Type of attraction icon
Type of attraction icon

I 2024 markerar vi at det er 1000 år sidan Olav Den Heilage innførte Kristenretten på Moster. Med dette feirer vi starten på rettsstaten og demokratiet Noreg. Moster 2024 er eit 1000-årsjubileum for heile landet som har eit ekstra fokus på barn og unge, då det er denne generasjonen som skal forma framtida. Jubileumet vil fokusere på verdiane Noreg er bygd på og lyfte fram den store samtalen om kva Noreg skal vere i framtida, og skal både vere ein folkefest og leggje til rette for debatt om samfunnet vi lever i.

Opplevingar nær Moster 2024
Moster gamle kyrkje

Moster gamle kyrkje er eit av dei enklaste kyrkjebygga i landet, og står på historiske Moster. Den vert ofte omtala som Noregs eldste kyrkje. Snorre fortel at Olav Tryggvason feira messe og grunnla ei kyrkje her i 995. Olav den heilage og biskop Grimkjell heldt ting på Moster i 1024 der kristenretten eller kyrkjeordninga i Noreg blei innført. Les meir om kyrkje i lenkja under.

Minnesmerke ved Moster gamle kyrkje

Minnesmerke ved Moster gamle kyrkje

Austnes (Austnespynten)

Turområdet ligg nordaustvendt mot Bømlafjorden, og ligg i eit variert og kupert terreng. Rundløypa går blant anna via svaberg, lyng og myr. Området har eit rikt planteliv. Ein går langs fleire strender. I nokre av dei kan du ta deg ein dukkert om du vil. Langs løypa passerar du og ein kolerakyrkjegard. På det høgaste punktet i denne rundløypa kan du nyta utsikt til Sunnhordlands-landskapet i mest 360`grader. Parker ved Gruveparken, og gå inn Breivikevegen til endes. Der vil du finne skilt vidare - god tur!

Leikeplass ved Espira Moster barnehage

Espira Moster ligger idyllisk til med sjø og skog like i nærleiken.

Overnatting nær Moster 2024
Lykling gjestehamn

Lykling gjestehamn har vanlegvis 10-15 gjesteplassar, men kan lage plass til fleire om naudsynt. Her er det både dusj, toalett og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Bademoglegheiter i hamna. Kafeteria på kaien kvar torsdagskveld fra kl 17.30 heile året. 6 km til butikk, men dagligvarer kan bringes. Det er også eit koseleg selskapslokale for utleige på kaien i hamna. Foto: Nils-Tore Sele, Bømlonytt

Stormhytter på Gullvegen Gardstun

Stormhyttene på Lykling eit overnattingstilbod for deg som ynskjer ei oppleving ulikt alt anna. Plassert i det gamle gullgravarfeltet der Noregs største gullgruveindustri utspant seg på slutten av 1800-talet og rett ved garden Gullvegen Gardstun, med storhavet i vest som nærmaste nabo. Utsikta er 360 grader. Her får du dei vakraste solnedgangar og dei barskaste hauststormane tett på. Her dansar storhavet slik berre storhavet kan. Du kan ligge å sjå på havørna som sirklar over området, eller drøyme deg bort når den magiske stjernehimmelen openbarar seg på fine netter. Fint eller stygt vær, - det er uansett ei sterk oppleving å kome så tett på naturen! Booking: https://www.gullvegengardstun.no/stormhyttene

Aasheim rorbuer

Eldbjørg og Paul Jørs ønskjer velkomen til Aasheim Rorbuer. Me tilbyr 4 rorbuer m. alle fasilitetar for at di fritid skal bli vellykket. Her finner du ro i sjela, og eit ypperleg utgangspunkt for såvel fisketurar som avslapping og naturopplevelsar, med 1000 holmar og øyer innan rekkevidde.

Rorbuer på Innvær

På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.